Vi i gruppa valde å møtast alle i Volda den 23. april for å diskutere og planlegge vidare arbeidet med eksamenen etter tilbakemelding av prosjektplan. Her fekk vi vite at det måtte nokon endringar til i problemstillinga og produktmål. Gruppa bestemte dermed å gjere ei nesten heilvending og endre problemstilling slit at ho vart litt meir begrensa og tydeleg. På denne måten fekk vi gjort problemstillinga vår meir konkret, og dermed også kunne sette nye produktmål for eksamensarbeidet.
Etter veiledningssamtalen fekk vi godkjent den nye problemstillinga og fekk satt igang det vidare arbeidet med eksamensarbeidet. Det vart laga ein ny milepælplan der også arbeidet vart fordelt likt over dei enkelte medlemmane i gruppa.
onsdag 29. april 2009
mandag 27. april 2009
Eksamen vår 2009
Eksamensoppstarten tok til i påska, då det plutseleg vart klart at vi skulle lage ein prosjektplan til 13. april.
Det vart tidleg klart at vi ville lage ein podcast. I forhold til avis og video føler vi at podcastproduksjon er det vi har best samarbeidserfaringar med. Videoproduksjonsarbeidskravet (som var individuelt)var ikkje ein gong påbegynt for mange av oss då vi måtte ta avgjerdsla, det kan naturlegvis ha vore med på å påvirke resultatet, men eg trur kanskje vi fortsatt hadde gått for ein podcastproduksjon. I avisproduksjonen er arbeidsfordelinga gjerne litt skeiv, og arbeidet foregår stort sett på kvar sin kant. Podcastproduksjon samlar gruppa og får gjere seg nytte av dei ulike kvalitetane kvar og enkelt har på ein betre måte, tykkjer vi.

Abonner på:
Innlegg (Atom)