Eksamensoppstarten tok til i påska, då det plutseleg vart klart at vi skulle lage ein prosjektplan til 13. april.
Det vart tidleg klart at vi ville lage ein podcast. I forhold til avis og video føler vi at podcastproduksjon er det vi har best samarbeidserfaringar med. Videoproduksjonsarbeidskravet (som var individuelt)var ikkje ein gong påbegynt for mange av oss då vi måtte ta avgjerdsla, det kan naturlegvis ha vore med på å påvirke resultatet, men eg trur kanskje vi fortsatt hadde gått for ein podcastproduksjon. I avisproduksjonen er arbeidsfordelinga gjerne litt skeiv, og arbeidet foregår stort sett på kvar sin kant. Podcastproduksjon samlar gruppa og får gjere seg nytte av dei ulike kvalitetane kvar og enkelt har på ein betre måte, tykkjer vi.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar