No er det berre ei veke igjen til eksamensinnlevering og arbeidet er i full gang. Elena og Rene har vore ute på ein ungdommsskule og intervjua nokre 9.klassingar kring deira nettbruk og kva dei veit om personvern. Etter å ha høyrt gjennom opptaka er det heilt klart at der er eit behov for meir fokus på personvern i skulen, og ikkje minst det å benytte IKT i læringsarbeidet i større grad enn kva det blir gjort no. Etter opptaka har Elena og Rene gjort eit flott redigeringsarbeid.
Karete har hatt i oppgåve å lage jingle, og etter litt prøving og utforsking vart vi alle veldig nøgde med resultatet.
I morgon skal eg, Linda og Rene i lydstudio på HVO for å gjere dei siste opptaka, så får vi håpe det går bra for eg trur vi treng resten av tida til redigering av podcasten, som Karete og Rene skal stå i spissen for, og skriving av prosjektrapporten, som Linda, Elena og eg skal ha hovudansvar for...Mykje godt og omfattande, men spennande arbeid har vi framfor oss, så vi kryssar fingrar og satsar på at vi kjem oss i mål....
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar