torsdag 7. mai 2009

Podcast_DKL104_Eksamen

I denne sendinga fokuserer vi på ungdom sin bruk av internett, spesielt med tanke på personvern. Vi har intervjua 9. klasse ved Lykkebøen skule, og i studio får vi besøk av nettekspert Kjell Antvort.

mandag 4. mai 2009

Eksamensarbeid

No er det berre ei veke igjen til eksamensinnlevering og arbeidet er i full gang. Elena og Rene har vore ute på ein ungdommsskule og intervjua nokre 9.klassingar kring deira nettbruk og kva dei veit om personvern. Etter å ha høyrt gjennom opptaka er det heilt klart at der er eit behov for meir fokus på personvern i skulen, og ikkje minst det å benytte IKT i læringsarbeidet i større grad enn kva det blir gjort no. Etter opptaka har Elena og Rene gjort eit flott redigeringsarbeid.

Karete har hatt i oppgåve å lage jingle, og etter litt prøving og utforsking vart vi alle veldig nøgde med resultatet.

I morgon skal eg, Linda og Rene i lydstudio på HVO for å gjere dei siste opptaka, så får vi håpe det går bra for eg trur vi treng resten av tida til redigering av podcasten, som Karete og Rene skal stå i spissen for, og skriving av prosjektrapporten, som Linda, Elena og eg skal ha hovudansvar for...Mykje godt og omfattande, men spennande arbeid har vi framfor oss, så vi kryssar fingrar og satsar på at vi kjem oss i mål....

onsdag 29. april 2009

Nye retningar

Vi i gruppa valde å møtast alle i Volda den 23. april for å diskutere og planlegge vidare arbeidet med eksamenen etter tilbakemelding av prosjektplan. Her fekk vi vite at det måtte nokon endringar til i problemstillinga og produktmål. Gruppa bestemte dermed å gjere ei nesten heilvending og endre problemstilling slit at ho vart litt meir begrensa og tydeleg. På denne måten fekk vi gjort problemstillinga vår meir konkret, og dermed også kunne sette nye produktmål for eksamensarbeidet.

Etter veiledningssamtalen fekk vi godkjent den nye problemstillinga og fekk satt igang det vidare arbeidet med eksamensarbeidet. Det vart laga ein ny milepælplan der også arbeidet vart fordelt likt over dei enkelte medlemmane i gruppa.

mandag 27. april 2009

Eksamen vår 2009

Eksamensoppstarten tok til i påska, då det plutseleg vart klart at vi skulle lage ein prosjektplan til 13. april.

Det vart tidleg klart at vi ville lage ein podcast. I forhold til avis og video føler vi at podcastproduksjon er det vi har best samarbeidserfaringar med. Videoproduksjonsarbeidskravet (som var individuelt)var ikkje ein gong påbegynt for mange av oss då vi måtte ta avgjerdsla, det kan naturlegvis ha vore med på å påvirke resultatet, men eg trur kanskje vi fortsatt hadde gått for ein podcastproduksjon. I avisproduksjonen er arbeidsfordelinga gjerne litt skeiv, og arbeidet foregår stort sett på kvar sin kant. Podcastproduksjon samlar gruppa og får gjere seg nytte av dei ulike kvalitetane kvar og enkelt har på ein betre måte, tykkjer vi.

onsdag 4. mars 2009

A2!

Ja då var vi gong igjen! Og då er det altså berre å halde tunga rett i munnen! Må innrømme at eg synest dette er eit noko speedy gonsalez løp. Har aldri gjort dette før, det meste er nytt og ein trng litt tid til å fordøye i tillegg til at ein har DKL102 å forholde seg til og, og delemna som skal representerast i bloggen. Så 20 timar er litt i minste laget Kjell... Kunne godt trengt litt meir tid til å utforske og prøve å feile, bli litt trygg på meg sjølv, men forhåpentlegvis får eg tat det igjen seinare..?? Men no skal ikkje frustrasjonane få ta overhand...det går no somregel bra! ;-) Nettavis skal det iallefall bli, og eg trur dette kan bli spennande, så får vi berre håpe at vi rekk i mål innanfor fristane! Lykke til everyone!

fredag 20. februar 2009

mandag 16. februar 2009

Litt om det å lage manus og å ta lydopptak i A1

11.02.09 møttest Mona, Elena og Karete til det vi trudde skulle bli til eit 3-4 timers møte for å jobbe med A1, men den gang ei... Delar av manuset var allereie skreve når vi møttest så vi trudde at det skulle berre litt finpuss til, men det tok då 4 timar før vi var nokolunde nøgde. Eg Mona hdde skreve eit noko for mykje aksdemisk manus så dette måtte omskrivast å forandrast på. I tillegg til dette så måtte det redigerast og forandrast på og finpussast på, og plutselig hadde tida sprunge frå oss, og vi måtte ta til å øve på manus slik at vi kunne starte opptaka. Dette var lettare sagt enn gjort og det vart mang eit kniseannfall før vi måtte sei oss så nøgde som det gikk an då det desverre ikkje var meir tid igjen. 7 lange men fole kjekke tima brukte vi på denne delen av oppgåva, noko som vi trudde skulle vere meir enn nok, men eg trur resultatet kunna blitt mykje bedre dersom vi hadde meir tid til å prøve å feile, teste ut og prøve ut forkjellige måtar å løyse oppgåva på. Veit iallefall at dersom eg skulle brukt dette i skulen ville eg hatt bedre tid til "forskningsbiten" slik at ein kan teste ut fleire idear og på denne måten utvikle kreativitet og fleire gode idear og måtar å løyse oppgåva på.... Men kjekt var det iallefall sjølv om det blei litt "hattefåk" i svingane.