mandag 16. februar 2009
Litt om det å lage manus og å ta lydopptak i A1
11.02.09 møttest Mona, Elena og Karete til det vi trudde skulle bli til eit 3-4 timers møte for å jobbe med A1, men den gang ei... Delar av manuset var allereie skreve når vi møttest så vi trudde at det skulle berre litt finpuss til, men det tok då 4 timar før vi var nokolunde nøgde. Eg Mona hdde skreve eit noko for mykje aksdemisk manus så dette måtte omskrivast å forandrast på. I tillegg til dette så måtte det redigerast og forandrast på og finpussast på, og plutselig hadde tida sprunge frå oss, og vi måtte ta til å øve på manus slik at vi kunne starte opptaka. Dette var lettare sagt enn gjort og det vart mang eit kniseannfall før vi måtte sei oss så nøgde som det gikk an då det desverre ikkje var meir tid igjen. 7 lange men fole kjekke tima brukte vi på denne delen av oppgåva, noko som vi trudde skulle vere meir enn nok, men eg trur resultatet kunna blitt mykje bedre dersom vi hadde meir tid til å prøve å feile, teste ut og prøve ut forkjellige måtar å løyse oppgåva på. Veit iallefall at dersom eg skulle brukt dette i skulen ville eg hatt bedre tid til "forskningsbiten" slik at ein kan teste ut fleire idear og på denne måten utvikle kreativitet og fleire gode idear og måtar å løyse oppgåva på.... Men kjekt var det iallefall sjølv om det blei litt "hattefåk" i svingane.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar