tirsdag 10. februar 2009

A1 Gruppearbeid (10.02.09)

Gruppemøtet i dag hadde vi gjennom MSN, slik at vi fekk testa dette ut også.
Dei som møtte i dag var Elena, Linda, René og Mona.

Vi fekk på dette møtet snakka litt meir om A1 og det vidare arbeidet framover mot innlevering.

Tidlegare arbeid:
Mona og Karete har vore ute i skulen (etter å ha fått lånt lydopptakar på høgskulen), her fekk dei intervjue ei 10klasse og lærar. Ellers har Mona oppretta samarbeidsdokument der vi i fellesskap kan arbeide med manus for redigering, og eit dokument der vi kan skrive dokumentet som skal leverast saman med podcasten til oppgåva. Her har Mona gjort ein kjempe jobb med å legge til informasjon som vi kan nytte i både den skriftlege delen av oppgåva, og i manuset!

Fordeling av arbeid vidare:
Mona, Elena og Karete har fått i oppgåve å gjere lydbandsopptaka. Linda og René har teke på seg annsvar for redigering av lydopptaka og å sette saman redigieringane til ein brukande podcast.

Neste gruppemøte:
Karete, Mona og Elena har avtalt møte der dei skal jobbe med opptak til podcast i morgon 11.02.09. Til dette møtet har gruppa avtalt å jobbe med manus som skal brukast til opptaka.

Gruppa har vidare avtalt eit fellesmøte ut på ettermiddagen, for vidare diskusjon og arbeid med A1.

Loggskrivar: Elena

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar