Dei siste vekene har vi på gruppe 1 jobba med å få til produksjon av ein podcast som skulle omhandle mediedanning. Mona spesielt tok eit stort ansvar i startfasa av arbeidet! Ho leita opp mykje informasjon som vi kunne dra nytte av - samt oppretta eit samskrivingsdokument både for manus og for sjølve oppgåveteksta. Her har ho, og etterkvart Elena gjort størsteparten av arbeidet med tekstskapinga. Teksta som skulle dokumentere arbeidet har alle teke del i å skape, men det finst grenser for kor mykje ein kan ta med i eit dokument som ikkje får overskride 500 ord.
Refleksjon rundt arbeidet med teksta er ein av dei tinga som ikkje fekk plass i dette dokumentet. ...
I utgangspunktet såg dette arbeidskravet kjempespennande ut, og eg gledde meg til å ta fatt. Desverre var det slik også denne gongen, at vi ikkje kom igong så tidleg som vi burde - og sjukdom - samt skriving av M1 gjorde at det vart hektisk i innspurten.
Kommunikasjonen rundt gangen i arbeidet har stort sett gått føre seg pr. nett. Ein gong på Skype - med delte erfaringar. Og andre gongar på msn. Begge deler fungerer bra for meg. Msn gir kanskje ei jamnare fordeling i bidragsytinga...samtidig som skype gjer at ein må vere 100% tilstades... dette kan jo vere positivt. Eg tykkjer at samskrivinga i google dokumenter og fungerer bra - spesielt der kommunikasjonen kan drage ut eit par dagar.
Radiosendinga vart ikkje slik eg trudde den skulle bli... men slike oppfatningar må ein endre etterkvart. Dersom vi skal endre på noko i neste runde - så trur eg kanskje vi må finne litt musikk eller noko som kan bryte opp sendinga.
Når ein skal redigere og sette i hop ei slik sending kunne det av og til vere nyttig å ha opptakar og radioreportasjedeltakarar for hand - slik at ein kunne putte inn ekstra ord og forklaringar der det måtte vere nødvendig. For eksempel introduksjonen - spm. til dei som var intervjua eksternt var vansekeleg å få til ein fin og naturleg flyt på - då spørsmåla ikkje var stilde som fyrstespørsmål i utgangspunktet... René fikk det til litt betre enn meg med å legge til ein snutt av jingelen i overgangen.
Alt i alt har det vore ein fin flyt i arbeidet - der Karete hadde hovudansvar for jingelen - Elena og Mona for sjølve radiosendinga og eg og René for redigeringa. René tok også jobben med å gjere radiosendinga om til ein podcast.
Eg trur heilt klart dette kan vere noko vi kan bruke i skulen seinare. Elevane kan nytte denne måten å jobbe på for å utvikle kunnskap om eit emne, samtidig som dei utviklar digital kompetanse. Eg trur og at elevane lærer mykje om seg sjølv i eit slikt arbeid. Det vil naturligvis verte ein del fnising i starten, men det er naturleg...også for oss "vaksne"....!!!
mandag 16. februar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar