Denne oppgåva har gitt oss i oppdrag å lage ein podcast som skal ha noko å gjere med mediedanning. Dette begrepet er vidt og famnar om mykje, så det å avgrense seg å alikavel halde seg til tema kan kanskje bli ei utfordring...Oppgåva har jo vore litt grei då sida den avgrensa for oss ifht personvern og unge sin ferdsel på Nett:
De skal som gruppe produsere ein podcast innanfor emneområdet
mediedanning.
Emneområdet kan de tolke vidt, til dømes til å inkludere den
digitale kvardagen til barn og unge og personvern/tryggleik på Nett.
Trur då at vi er innanfor oppgåva når vi tenkjer å ta føre oss den digitale kvardagen til ungommar på ungdomstrinnet og deira forhold til personvern og sitt nettbruk. Har vore i kontakt med ein ungdomsskule og dei virkar veldig positive til at vi skulle få kome dit og stille elevar og lærarar nokre spørsmål rundt dette aktuelle tema. Så no spørst det om vi får låne opptakar med høgskulen, slik at vi kan bruke dette i podcasten vår. Trur det blir ei spennande og hektisk veke neste veke!
Dette høres bra ut :) Lykke til!
SvarSlett